More

    16.00-runda frå Championship

    Reading – Coventry:
    Det er kanskje siste sjanse for manager Veljko Paunović å redde jobben her. Reading er faretruande nær nedrykk, og kan igjen oppleve å bli forbigått av Peterborough denne runda. Og ikkje minst kjem Derby faretruande nær bakfrå. John Swift si redusering på straffe før slutt var ikkje nok til å ta poeng i midtveka mot Bristol City, til tross for at dei kom farleg nær på slutten. Nemnte Swift skåra sitt første mål sidan oktober. Han hadde åtte mål då han skåra mot Barnsley 16 oktober. I midtveka skåra han sitt niande. Det seie litt om problema Reading har hatt. Har no seks strake tap og 21 baklengsmål. 27 november var sist siger. Det må snart snu.
    Coventry var farlig nær tre nye poeng mot Blackpool i midtveka men det enda 1-1. Victor Gyokeres skåra eit fantastisk utlikningsmål i den kampen og har no tre på deira siste fire. Til tross for stigande formkurve er det litt trøbbel framfor mål. Bortsett frå 4-1 sigeren mot Peterborough i januar har dei ikkje skåra meir enn eit mål i ein kamp sidan 2-2 kampen mot Bournemouth i slutten av november. Coventry bør håpe at Matt Godden snart er tilbake på topp. Har berre eit bortetap på siste seks, det kom i 0-1 tapet mot Middlesbrough sist gang dei var ute på veien.
    Dejan Tetek og Scott Dann er usikre til denne. Alen Halilovic, Femi Azeez og Felipe Araruna er ute mens Yakou Meite nærmar seg etter langt skadeavbrekk.
    Mogleg lagoppstilling:
    Reading: Luke Southwood; Andy Yiadom, Tom Holmes, Michael Morrison, Baba Rahman; Danny Drinkwater, Josh Laurent; Andy Rinomhota, John Swift, Junior Hoilett; Lucas Joao
    Coventry City: Simon Moore, Dominic Hyam, Kyle McFadzean, Jake Clarke-Salter; Josh Eccles, Jamie Allen, Gustavo Hamer, Ian Maatsen; Callum O’Hare, Martyn Waghorn; Viktor Gyokeres
    Odds, Norsk Tipping:H: 3.50
    U: 3.50
    B:1.90
    Resten av runda:
    Barnsley – QPR: Barnsley kjempa nok ein gang ein tapper kamp, men igjen blei det null poeng som resultat. Det er ei klar forbetring den seinare tid, men rotemål i mot og sjansesløseri øydelegg for ofte. Utlikningsmålet til Carlton Morris var derimot stor idrett, sjølv om det blei resultatlaust. Har no seks strake tap, men tapa nesten berre med eit mål. Det ligg både poeng og kanskje til og med ein siger i lufta. Men det blir kanskje tøft å hente alle tre poenga mot QPR. Formlaget var nær tre nye poeng mot Middlesbrough i helga men sjølvmålet til Albert Adomah gjorde sitt til at kampen enda 2-2. Ilias Chair var tilbake etter afrikamesterskapet og skåra eit praktfult mål. Han kan bli nyttig i kampen om opprykket utover våren. Sju strake utan tap for Mark Warburton sine menn no.
    Birmingham – Luton: Nytt tap for Birmingham i midtveka. Dei hadde lenge lite å stille opp med mot Bournemouth men fekk eit lite håp då heimelaget fekk mann utvist og Onel Hernandez reduserte til 1-2. Dei var centimeter frå utlikning minutte seinare men fekk i staden 1-3 i fleisen. Berre den eine sigeren på deira elleve siste, og den kom heime mot Barnsley. Vant faktisk det motsatte oppgjeret med heile 5-0. Men det var før Luton fant form og det var då vi trudde Birmingham skulle gjere ein god sesong. Luton har berre eit tap på sine ni siste og ligg eit poeng bak playoff. Var noko heldig mot Barnsley men det skada ikkje å ha ein spiss som Elijah Adebayo.
    Blackpool – Bournemouth: Sist heimekamp var ein festaften for Blackpool og i midtveka beviste dei igjen sin gode form ved å ta eit poeng borte mot Coventry. Gary Madine med målet der. Han skåra også i heimesigeren sist og viser god form. Har tre sigre og to uavgjorte på sine fem siste, mot tidvis gode lag. Derfor skal det bli tøft for Bournemouth her. Dei kjem uansett med litt sjølvtillit etter deira 3-1 siger mot Birmingham i midtveka. Todd Cantwell fekk prøve seg frå start og gjorde ein god figur. Solanke og Anthony var tilbake på skåringslista og dermed var rekka på tre strake tap brutt. Formkurva har ikkje vore god siste månadene så det var sårt tiltrengt for Scott Parker og co. Men det er først her vi får ein smakebit på om dei verkeleg er på gang igjen, eller om det rett og slett var dårleg motstand som var skyld i at dei tok tre poeng.
    Hull – Fulham: Det har ikkje akkurat gått på skinner for Shota Arveladze etter at han tok over for Grant McCann. Sistnemnte avslutta jo med siger over det som var nummer to og tre på tabellen før sparken venta. Deira nye manager har no tapt to av tre kampar og det har vore ingenting å sei på det. I midtveka var det lite som fungerte og kampen mot Derby var tapt før folk hadde fått satt seg ned etter pausen. Får det tøft her mot Mitrovic og Fulham. Den store spissen skåra sitt 29 og 30 mål for sesongen i sigeren over Millwall i midtveka. 3-0 blei resultatet og det var nok kjekt å halde nullen igjen for Fulham. Men håpet for Hull må være at det kunne fort blitt både eit og to baklengs der. Har ei god luke ned til tredjeplassen no etter fem sigre og ein uavgjort i 2022. 77 skåringar allereie seie sitt også. Det stinka opprykk. Og det stinka mål.
    Middlesbrough – Derby County: Det er auka beredskap framfor denne kampen her. For akkurat no er det iskald front mellom desse to laga. Middlesbrough er eit av laga som har saksøkt Derby på bakgrunn av det økonomiske rotet dei står opp i, og sjølv om dei kom til einigheit på fredag vil det nok være ekstra fyr her.  Heimelaget tok eit sterkt bortepoeng mot QPR etter å ha utlikna to gangar. Det var langt mindre imponerande det dei presterte rett frå avspark i andreomgang. To store feil der den siste var gåvepakke frå keeper Joe Lumley og plutseleg hadde QPR tatt leiinga etter 13 sekund. Har uansett berre eit tap på siste ni og kan være på playoff etter denne runda, om det blir tre poeng. Det veit man aldri når man møter Derby. Nok ein imponerande siger for dei då Hull blei banka 3-1. Det var berre andre gang denne sesongen at Derby skåra tre mål eller meir i ein kamp. Forsyth, Lawrence og eit fantastisk mål av Ebosele hadde avgjort kampen etter 47 minutt. No gjer dei meir enn å tru i Derby. Men her blir det tøft.
    Millwall – Cardiff: Dei skapte sjansar mot Fulham i midtveka, men igjen blei det lite skåringar for Gary Rowett sine menn. Millwall har vore dårlege borte den siste tida men har heime på The Den tatt fire av seks moglege mot WBA og Preston. Har berre tapt tre kampar heime i år og gjer det som regel svært vanskeleg for alle som kjem dit. Cardiff gjekk frå seks kampar utan siger til tre strake sigre. Salet av Kieffer Moore har ikkje hatt anna enn positiv effekt til no. Erstattarane Hugill og Ikpeazu hadde sikra siger i dei to første kampane og i 4-0 sigeren mot Peterborough i midtveka kom begge på skåringslista igjen. I tillegg skåra Aden Flint sitt femte for sesongen. Ting ser litt lyst ut igjen i Cardiff. 
    Nottingham Forest – Stoke: James Garner og Brennan Johnson sikra tre sterke bortepoeng mot Blackburn i midtveka. Steve Cooper har dermed tatt laget frå jumboplass til playoff-plass på 22 kampar som manager. Livet smile på City Ground etter festspel i FA-cupen mot Arsenal og Leicester samtidig som dei klatra i Championship. Berre to tap på sine 16 siste kampar vitnar om stabilitet. Keinan Davis med nok ein god jobb på topp slik at sakne av Lewis Grabban ikkje blir for stort dei neste to månadene. Ein ny liten eksamen er det derimot her med Stoke på besøk. Manager Martin O`Neill har fått god valuta frå sine nye spelarar i januar. I 3-0 sigeren over Swansea i midtveka skåra Jaden Philogene-Bidace og Lewis Baker. I tillegg haldt Phil Jagielka og Taylor Harwood-Bellis i midtforsvaret nullen. Då tar vi ikkje med at helten frå FA-cupen Josh Maja ikkje kom på skåringslista her. Har fire poeng opp til Forest på tabellen og bør helst ikkje tape her. Vil selje seg dyrt.
    Peterborough – Preston: Mål i mot etter fire minutt og 0-4 i sekken etter 90. Det var ikkje slik Darren Ferguson hadde håpt botnkampen mot Cardiff skulle utspele seg. Men Posh slite tungt om dagen og skal prise seg lykkeleg for at Reading er like dårlege. Eit poeng på seks siste er ikkje godt nok om dei vil overleve. Må finne tilbake til heimeformen dei viste i FA-cupen mot QPR. Då var målskåraren Joe Ward og co gode. Preston blir ikkje noko lett match for dei er blitt ei lei nøtt for samtlege no. Var uhyre nær alle tre poeng mot Huddersfield sist men kampen ebba ut i 0-0. Kanskje hadde det sett annleis ut om ikkje deira danske toppskårar starta på benken. Har tre uavgjorte og to sigre på sine fem siste og har gått av bana utan baklengs i fire av desse. Det passa eit skåringsvegrande heimelag særs dårleg.

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen